Bane Nor Sykkelhotell
Eg vil klaga på måten eg blei behandla av Bane Nor sin kundeservice. Det va heilt uakseptabelt. Personen eg snakka med, virka som han koste seg med å sei at eg ikkje hadde någe valg enn å akseptera tyveriet. Han va arrogant og respektlaus, og det e ikkje profesjonelt i det heila tatt.
Sykkelhotellet som Bane Nor tilbyr, gir inntrykk av å vera ein trygg plass for syklane våre, men det e langt ifrå tilfelle. Det e bedre å parkera sykkelen ute med ein god lås enn å betala for ein plass som ikkje gir någen trygghet. Det ser ut som Bane Nor med vilje unngår å marknadsføra sykkelhotellet som "trygt" for å sleppa ansvar, og det e heilt feil.
Som eit statseigd selskap burde Bane Nor bry seg meir om innbyggarane og togpassasjerane sine. Dei kunne lett ha samla inn videoopptak av kriminelle og gjort det enklare for politiet å etterforska slike saker utan store kostnadar. Dei kunne til og med hatt ei forsikringsordning for å hjelpa offera, der forsikringsselskapet kunne håndtert dokumentasjon og video for politiet.
Det e heilt tydeleg at Bane Nor ikkje har passasjerane sine beste interesser i tankane, og det e skuffande.